Switch Language

Click here

Overnatting ved Hardanger fjord og fjellferie

Velkommen til naturskjønne Hardanger!

Booking direkte til kvar utleigar i dette samarbeidet. Sjå linkene til kvar sine heimesider, e-post adresser, telefon,og mobilnummer.
Hardanger fjord og fjellferie BA, er et samarbeid mellom 7 utleigarar. Me kan tilby tilsaman 14 utleigeeiningar. Rom, leilegheiter, restaurerte gardshus og moderne hytter i Øystese og Norheimsund
Aktivitetar:
Fiske i fjorden, elvar og fjellvatn
Båtutleige, båtturar
Flott turterreng, fotturar til fjells, toppturar og langs fjorden.
Frukt og bærhenting, og Siderfestivalen
Besøk Hardanger Fartøyvernsenter.og Kunsthuset Kabuso

Jødne Feriehus

Jødne ferie Feriehuset er ein del av Jødne gardstun (namnet Jødne tyder jern), og her har det budd folk langt tilbake i tida. Det syner fleire kolmiler, der dei før laga jern frå malm, samt at fornminnegranskarar har avmerka fleire moglege gravhaugar. I jorda er det og funne fleire spinnesteinar.
Idag, derimot, er det ein gard med mjølkeproduksjon, og elles bur her to kattar og to hundar ilag med ein familie på fem. Huset er skjerma av eit stort almetre over terassen på 25m2, og på andre sida av huset er det frukttre. Frå terassen ser ein fjord, fjell og bre, men og ein hage med ulike pryd og nyttevekstar. Elles er det i tunet ein grønsakåker, ein bærhage og eit lite drivhus. 

KONTAKT
Eigarar: Elin Feste og Håvar Vik

Adresse: Sjusetevegen 539, 5600 Norheimsund
Telefon:(+47) 95 13 13 49 og (+47) 90 70 46 70
E-post: post@jodne.no
Web: http://www.jodne.no/
GPS KOORDINATER  Breddegrad: 60.3888409  Lengdegrad: 6.1470200999